Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Tekniske standardar om rapportering av renterisiko i bankboka – IRRBB

Høyring frå EBA: Tekniske standardar om rapportering av renterisiko i bankboka – IRRBB

Høringer

Publisert: 3. februar 2023

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 31. januar 2023 ei høyring om tekniske standardar for rapportering av renterisiko i bankboka (IRRBB) med høyringsfrist 2. mai 2023.

EBA sender no utkast til nivå 2-regelverk under CRR på høyring. Dei tekniske standardane som er på høyring, bidreg til å gjennomføre regelverkspakka som EBA publiserte i oktober 2022, og dei skal gi tilsynsmyndigheitene betre moglegheiter til å overvake føretaka sin renterisiko i bankboka.

Eit sentralt element i utviklinga av rapporteringspakka er forholdsmessigheit (proporsjonalitet) i utforminga, med utgangspunkt i funn og tilråingar frå EBA sin Cost of Compliance study. Høyringsnotatet omfattar forenkla skjema for rapportering for små og ikkje-komplekse føretak (SNCI) og ber om konkrete tilbakemeldingar på forenklingar for mellomstore føretak.

Det er sannsynleg at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførde i norsk rett når dei tek til å gjelde i EU.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som tilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomførd ei ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

EBA vil òg arrangere ei offentleg høyring i form av ein open telefonkonferanse 15. mars 2023 kl. 14.00–16.00.

Høyringsfristen er 2. mai 2023.

Meir informasjon om høyringa og høyringsnotat

  • Consultation on the ITS on Supervisory Reporting with regard to IRRBB reporting
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less